Sitemap Nettstedskart Søk
Norsk English

TINE Rådgiving på veterinærdagane i Trondheim

Veterinærdagane 2015 gjekk av stabelen i Trondheim 11-13 juni med 465 deltakarar. Eit av hovudemna på produksjonsdyrdelen av programmet var jurhelse. TINE Rådgiving deltok med Torunn Rogdo i programkomiteen og Liv Sølverød og Kolbjørn Nybø hadde faglege innlegg.

TINE Rådgiving hadde stand i messehallen. Det vart mange gode diskusjonar med dyktige praktiserande veterinærar og samarbeidspartnarar. Landbruket er i ei rivande utvikling og det er heilt naudsynt for praktiserande veterinærar å halda seg oppdatert, slik at dei kan hjelpa bonden med å halda dei friske dyra friske og sikra optimal produksjon i større mjølkebesetningar.